Wole Soyinka
Wole Soyinka | |
Statsborgarskap | Nigeria |
Fødd | 13. juli 1934 (90 år) Ogun |
Yrke | skodespelforfattar, lyrikar, omsetjar, romanforfattar, filosof, essayist, professor, skribent |
Språk | joruba |
Medlem av | American Academy of Arts and Sciences, Royal Society of Literature |
Mor | Grace Eniola Soyinka |
Born | Olaokun Soyinka |
Wole Soyinka på Commons |
Akinwande Oluwole «Wole» Soyinka (fødd 13. juli 1934 i Abeokuta i Nigeria) er ein nigeriansk dramatikar og teaterinstruktør. Han har òg har forfatta romanar, essays og dikt.
I 1986 fekk han Nobelprisen i litteratur av di han «i ett brett kulturellt perspektiv och med poetiska övertoner gestaltar tillvarons drama.»[1][2] Takketalen, som han dediserte den sørafrikanske fridomskjemparen Nelson Mandela, var ein krass kritikk av apartheidpolitikken i Sør-Afrika.
Liv
[endre | endre wikiteksten]Soyinka blei fødd inn i ein fattig Joruba-familie. Begge foreldra var overtydde kristne, faren var rektor på ein folkeskole. Etter å ha fullført college i Ibadan studerte Soyinka ved universitet i byen frå 1952 til 1954, og frå 1954 til 1957 ved University of Leeds. Han avslutta med ein Honours Degree i engelsk litteratur og arbeidde etterpå som dramaturg og skodespelar ved Royal Court Theatre i London, men vendte seinare tilbake til Nigeria for å studere afrikansk drama. Han underviste ved universiteta i Lagos, Ibadan og Ife, der han fekk eit professorat i samanliknande litteraturvitskap i 1975.
Soyinka har spela ein viktig rolle i den politiske historia til Nigeria. I 1967, under den nigerianske borgarkrigen, dømde dei nigerianske styresmaktene han til einecelle etter at han freista å få i stand fred mellom dei stridande partane. 22 månader seinare blei han sleppt fri då det vart internasjonal merksemd om saka hans. I fengselet skreiv han dikt han gav ut som Poems from Prison. Seinare skreiv han om erfaringane frå fengselet i boka The Man Died.
Wole Soyinka har vore ein nådelaus kritikar av mange nigerianske regjeringar og ulike andre diktatur over heile verda, til dømes regimet til Robert Mugabe i Zimbabwe. Denne aktivismen har fleire gonger sett han i stor personleg fare, som under diktaturet til den nigerianske generalen Sani Abacha (1993 til 1998) då Soyinka gjekk i frivillig eksil. Han budde hovudsakleg i USA der han var gjesteprofessor ved fleire universitet. Sjølv om han vendte tilbake til Nigeria i 1998, heldt han fram med å arbeide i USA. I 2004 fekk han ein undervisningspost i samanliknande litteraturvitskap ved Emory University i Atlanta og har eit professorat i kreativ skriving ved Nevada-universitetet i Las Vegas.
Verk
[endre | endre wikiteksten]
Skodespel[endre | endre wikiteksten]
|
Romanar og memoarar[endre | endre wikiteksten]
Essays[endre | endre wikiteksten]
Poesi[endre | endre wikiteksten]
|
Norske omsettingar[endre | endre wikiteksten] |
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «who in a wide cultural perspective and with poetic overtones fashions the drama of existence».
- ↑ Nobeltildelinga 1986 på nobelprize.org
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Bernth Lindfors: Early Soyinka , Trenton, N.J. [u.a.] : Africa World, 2008, ISBN 1-59221-652-8
- Gerd Meurer: Journeys around and with Kongi - half a century on the road with Wole Soyinka : a pan-afropean or pan-eurafrican book, Neumarkt : Reche, 2008, ISBN 978-3-929566-73-4
- Soyinka, Wole (Vol. 179): Introduction. Contemporary Literary Criticism. Red. Janet Witalec. Vol. 179. Gale Cengage, 2004. eNotes.com. 2006. 23. januar 2009
- Bankole Olayebi, WS: A Life In Full, Bookcraft, 2004 - illustrert biografi om Soyinka
- Yemi D. Ogunyemi, The Literary/Political Philosophy of Wole Soyinka (2001/2009).
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Verk av og om Wole Soyinka i katalogen til det tyske nasjonalbiblioteket
- Nobeltildelinga 1986 på nobelprize.org
- Wole Soyinka. All you want to know about.
- The Wole Soyinka Society
- Pidgin English in works of Wole Soyinka Arkivert 2006-05-14 ved Wayback Machine.